Interiør
Byggesteg 2 i populære Indrebøen er no ute for sal. Sidan oppstarten av byggefeltet i 2022, så er det allereie bygd 22 leilegheiter feltet, som alle vart selde på kort tid. Vi legg no ut neste byggesteg for sal, som ligg i høgda bak fyrste byggesteget.
Bustadane er planlagde for folk i fleire livsfasar. Med fleksible planløysingar er målet å kunne tilby ein god heim for ein større del av innbyggarane i Stryn. Bustadane får ei god plassering med kort veg til barnehage, skule og Stryn sentrum.
Gunstig husbankfinansiering er planlagt for prosjektet, noko som kan søkast for den enkelte huskjøpar når husbygginga skal starte.
Moderne infrastruktur med asfalt på hovudvegar og gatelys. Tussa Fiber leverar internett til feltet.
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- Salgsstart
- Byggestart
- Innflytting